Det var gjennom ei slamdeponering at Elkem Bremanger oppdaga at dei hadde nådd nivået for å måtte søkje om løyve for lagring og utslepp av radioaktive stoff.

– Det stemmer at vi har søkt Statens strålevern om løyve til utslepp av radioaktive stoff til luft og vatn, stadfestar verkssjef Arne Werge-Olsen.

Det er første gang bremangerbedrifta har måtta søke om eit slikt løyve.

– Vi har bitte små førekomstar i råmaterialet vi bruker, og med så stor tonnasje vi har, så kom vi opp på eit nivå der vi blei søknadspliktige.

I rapporten frå IFE, Institutt for energiteknikk, går det fram at Elkem sine råvarer, som treflis, kol og kvarts, inneheld naturleg radioaktivitet som blir oppkonsentrert i nokre av produktstraumane. Sjølve storleiken på drifta ved Elkem gjorde så sitt til at radioaktiviteten plutseleg oversteig grensene.

Skulle deponere slam

Det var gjennom ei slamdeponering at Elkem blei gjort merksame på at det var radioaktivitet i avfallet.

– Vi starta då undersøkingar og hyra inn IFE som konsulentar. Vi ville ikkje gjere nokon feil, og ønskte å vere føre var, seier Werge-Olsen som forsikrar om at miljøbedrifta tek dette på alvor.

– Vi er underlagt strenge krav for å drive den type industri vi gjer. Og grensene for når ein blir pliktig til å søke om utslepp av radioaktivt avfall i Norge er generelt ekstremt lave – noko vi er glade for. Men vi er føre var med dette, og det er ingen data i dag som tilseier at produksjonen ved Elkem Bremanger er ein risiko for tilsette, lokalbefolkning eller nærområdet.

– Har de fått reaksjonar frå folk lokalt som er uroa for utsleppa frå Elkem?

– Nei, ikkje mange. Vi har fått inn nokon på støy, seier Werge-Olsen, som seier at bedrifta har oppretta eit nummer som folk kan ringe om dei er uroa eller legg merke til noko.

– Det er ei opa linje der ein kan melde frå om observasjonar eller stille spørsmål. Lokalmiljøet og befolkninga si helse er viktig for Elkem Bremanger. Vi oppmodar publikum om å ringe og seie frå. Vi ønsker openheit om dette.

Har ikkje vurdert konsekvensane

Elkem Bremanger har ikkje laga konsekvensanalyse for utsleppa, men verkssjefen peikar på at mengdene det er snakk om er ørsmå.

Ved å lese tala i søknaden frå Elkem Bremanger samanlikna med berekningane frå IFE om dagens utsleppsnivå, kan det sjå ut som om Elkem aukar dei radioaktive utsleppa. For ein isotop vert det søkt om eit nivå som er 1200 gangar høgre enn i dag, medan dei fleste ligg på ei 20–30 prosents auke.

Werge-Olsen fortel at dette ikkje nødvendigvis er ei reell auke, men har å gjere med feil i mengdeberekningane.

– Det er gjort nokre feil med mengdene som er rapportert inn som grunnlag, og det er IFE klar over også. Mellom anna er det gjort feil når det gjeld utvasking av gamalt deponi. IFE må rekne på det, men høgst truleg er mengdene vi har søkt om betydeleg høgre enn det som er realiteten.

– Kor mykje for høge? For enkelte isotopar er endringa stor frå dagens nivå.

– Vi reknar med at det kanskje kjem ned 40 prosent, seier Werge-Olsen, som likevel strekar under at dette er noko ekspertane i IFE må rekne på.

– Veit du kor store utsleppa er samanlikna med andre radioaktive utslepp i Norge?

– Nei, det blir nok berre spekulasjonar.

Elkem forventar å få svar på søknaden sin om løyve til slike utslepp i løpet av første kvartal 2016.