Meiner Hornelen er for avsides for ei Via Ferrata-løype

Farleg: Naturvernorganisasjonar trur ein Via Ferrata i Hornelen kan bli direkte farleg. Dei peikar også på at eit så spesielt fjell med hsitorie knytt til seg, ikkje bør bli dynga ned med kommersielle innretningar. Illustrasjon: VisitFjordkysten 

Nyheter

Naturvern- og friluftsorganisasjonane meiner Hornelen i Bremanger ligg for usentralt til for å få eit Via Ferrata-anlegg. Dei trur det vil bli for farleg.


Natur og friluftsliv (FNF) har saman med Sogn og Fjordane Turlag og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane forfatta ei høyringsuttale om etableringa av ei klatreløype, via ferrata, som ei turistsatsing i Hornelen i Bremanger.

Det er Firdaposten som melder saka.

Vanskeleg med redningsaksjonar

I tillegg til argumentasjonen om beavring av naturverdiar påpeikar organisasjonane at løypa kjem til å bli for farleg, fordi den ligg for langt utafor alfarveg.

"Enten ein likar det eller ikkje. Bremangerlandet er ein utkant, og ein kan ikkje rekne med at det blir særleg stor trafikk i denne via ferrataen, bortsett frå nokon guida turar. Det betyr at viss nokon får problem oppe i fjellveggen, til dømes på grunn av høgdeskrekk/panikkangst, så vil det kunne gå lang tid før det blir oppdaga. I ein slik situasjon er det også sterkt auka fare for å miste mobiltelefonen sin. Eg meiner det er uforsvarleg å legge ein via ferrata i eit område med så lite tilsyn", skriv koordinator Elisabeth Dale i FNF i Sogn og Fjordane.

Må saksbehandlast som byggesak

Dei tre organisasjonane påpeikar også at utbygginga samla sett blir så omfattande at den bør saksbehandlast ut frå plan- og bygningslova. Det vil gje rett til høyringsuttale og høve til å klage på vedtak. Dei meinar at inngrepa blir så store at omgrepet LNF (Landbruks, Natur og Friområde) blir misvisande i plansamanheng.


Vidare peikar dei på at anlegget ikkje bør få spelemiddelfinansiering sidan det primært er eit reint turismetiltak. Dei viser også til at fjellet Hornelen har ein særskilt høg attraksjonsverdi som eit sagnomsust fjell med historiene om heksedans på jonsokaftan og klatringa til vikingkongen Olav Trygvasson.

"Dette er ikkje eit fjell som fortener å bli nivellert ned med kommersielle og tekniske innretningar for kunstige opplevingar" står det spissformulert i høyringstuttalen.