Ordføraren lar mannen styre heime

Lena Landsverk Sande (V) er ordførar og fembarnsmor. Ein kombinasjon ho meiner er uproblematisk.

Lena Landsverk Sande (V) er ordførar i Vanylven og mor til fem. Ved kjøkkenbordet i heimen i Almklovdalen blir det ofte rolegare morgonar saman med resten av familien. – Med tanke på familieliv er det meir fleksibelt å vere ordførar enn til dømes rektor, som eg var tidlegare, forklarar Landsverk Sande. Foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

Landsverk Sande er ein av 120 kvinnelege ordførarar i Norge i dag. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at berre 28 prosent av landet sine ordførar er kvinner. Dette er likevel ei auke på seks prosentpoeng frå valet i 2011.