«Likestilt»

Farga av kvinnekampen

Eva Flyum og dottera Magni Hjertenes Flyum meiner det framleis er så store og grunnleggande skilnadar mellom kvinner og menn at 8. mars ikkje kan gå upåakta hen.

For Eva Flyum (t.h.) og dottera Magni Hjertenes Flyum er kvinnedagen viktig. Dei meiner det er skummelt at Norge har eit av dei mest kjønnsdelte arbeidsliva i verda, når vi har så stor valfridom som vi har. – På individnivå må det vere lov å velje tradisjonelt, men når ein som samfunn ser at vi nesten berre har kvinnelege sjukepleiarar, så må vi stille oss spørsmålet om det er slik vi vil ha det, seier Eva og Magni. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Så lenge kvinner dør i barsel, jenter ikkje får gå på skule og det er så store grunnleggande forskjellar i rettane til jenter og gutar, så er vi nøydde til å ha ein internasjonal dag der vi minner kvarandre om det. Vi snakkar ikkje om dei store internasjonale tinga i kvardagen, så ein felles kvinnedag er viktig, seier Eva og Magni.