Jannicke vil ha jentene på bana

Jannicke Hagen Henden ønskjer at mange fleire jenter skal spele fotball i Eid IL. No tar styreleiaren grep for at fleire skal få opp auga for sporten.
Nyheter

– Vi har for få jenter som spelar fotball i Eid. Dette er nok ei utfordring som er ganske lik over heile landet. Jenter er like godt rusta til å bli gode i jentefotball som gutar er til å bli gode i gutefotball, og vi er like godt rusta til å ha det kjekt på bana, så eg ser ikkje nokon grunn til at det skal vere færre jenter enn gutar som er aktive, fastslår Jannicke Hagen Henden, som vart valt til styreleiar i Eid IL fotball i mars.