Også alle naudetatane var på plass, då rundt 100 elevar frå mellomtrinnet ved barneskulane i Vågsøy kommune besøkte Torget, torsdag.

Besøket var i regi av Redningsselskapet. Endre Ytreland, regionleiar i Redningsselskapet Region Vest, fortel at seilaset er ein del av det forebyggande arbeidet Redningsselskapet driv med.

- I dag hadde vi seks ulike postar på Torget der borna blant anna fekk bli kjent med dei tre naudetatane. Dei fekk også vere ombrod i Simrad Buholmen, og på nokre av postane lærer dei seg med tau, og å lage ulike knutar, seier han.

Borna synest det var kjekt og ikkje minst lærerikt med ein slik dag, og viste blant anna stolt fram nokre av knutane dei fekk lære.

- Det var ikkje så vanskeleg som eg hadde trudd med pålestikk, seier Rikke Meland Simonson.

Elevane fekk blant anna også vere med å slukke grytebrann, kaste kasteline, øve på sideleie og vere med inn i ei ambulanse.

Onsdag var seilaset i Selje, og i morgon, fredag kjem seilaset til Nordfjordeid.