– Mange ser nok på frisøryrket som litt jålete, i tillegg til at det på mange måtar også er eit omsorgsyrke, seier Bente Wiik, som driv Frisøren i Måløy saman med Anne Grethe Degnepoll.

Les meir om «Likestilt» her.

Dei trur det finnast ein del fordommar mot yrket, og at dette er noko av årsaka til at det ikkje er ein einaste mannleg frisør i kommunen.

Frisør Maja Bjerck Færestrand på Studio-M fortel at ho har jobba med menn på frisørsalongar tidlegare, og at det berre har vore positivt.

– Eg har hatt mannlege sjefar, i tillegg til å ha jobba med menn i salongane. Mine erfaringar er at det absolutt er best med ein mann i hønseflokken, då blir det automatisk betre stemning, seier Bjerck Færestrand, som har jobba som frisør i Førde og Oslo tidlegare.

– Vi kunne godt hatt ein mannleg kollega hos oss, smiler Degnepoll og Wiik.

Dei to damene starta salong saman for ti år sida. Det har gått fort.

– Det kjennast ut som vi blunka og plutseleg var ti år vekk, seier frisør Anne Grethe Degnepoll.

Salongen Frisøren er ein av ni i Vågsøy. 1. september feira dei ti år, og dei fortel at dei berre har positive erfaringar med å drive som frisør i Vågsøy.

Begge jobba som frisørar lenge før dei valde å satse og starta sin eigen salong. Wiik jobba i 14 år på Castello, medan Degnepoll var 14 år på Trio Frisør (begge i Gate 1 i Måløy).

– Eg hadde lyst til å starte for meg sjølv, og så fekk eg spørsmål frå Bente om eg ville ha ein kollega.

– Vi brukte tre månadar på oppussing og tenkte at vi var heldige om vi fekk drive eit år, smiler dei to og legg til at det var draumen om å ha noko eige som motiverte dei til å satse.

– Det er sunt med konkurranse, og ein blir tvungne til å tenke nytt. Dette er jo veldig bra for kundane og kjem dei til gode, påpeiker dei.

Færestrand meiner hard konkurranse er noko ein ikkje slepp unna, uansett kor ein jobbar.

– Det er alltid mange om kundane, så ein må berre gjere sitt beste og håpe at nok folk vel deg.