Likestilt:

Fann den rette jobben lokalt

– Statistikk viser at det er flest kvinner som tar høgare utdanning. Skal vi ha damer i distrikta er det viktig at ein kan tilby dei ein arbeidsplass der dei får brukt utdanninga si og blir utfordra, seier Leni Lisæter.

Mona Svarstad (f.v.), Leni Lisæter, Kari Morvik, Oddlaug Tennebø, Eli Hagen, Inger Mette Sefland, Kari Silden Tytingvåg, Hanne Marie Utvær og Tone Teigen er alle tilsett på Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy. Dei meiner det er viktig at det finst utfordrande kompetansearbeidsplassar i distrikta. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

Ho er seksjonssjef på forvaltning hos Fiskeridirektoratet, som har regionkontor i Måløy. Fiskeridirektoratet i Måløy er ein av dei få attverande statlege arbeidsplassane i Vågsøy.