«Likestilt – Tilbakeblikk»:

Iselin ønskjer at likestillinga skal spire og gro

Iselin Gangeskar Paris frå Flatraket er leiar for miljøorganisasjonen Spire sitt lag i Bergen, og i år skal 22-åringen delta på FN sine klimaforhandlingar i Bonn.

– Det er vår generasjon klimaendringane verkeleg påverkar, så det er viktig å engasjere seg, fortel Iselin Gangeskar Paris (t.v.), som er leiar for lokallaget til Spire i Bergen. Her på stand for organisasjonen saman med Oda Steen Sofienlund. Foto: Privat 

Likestilt
  • Reportasjeserie som blei starta i Fjordenes Tidende i mars. Den vil bli vidareført med fleire reportasjar og nyheitssaker i tida framover. Prosjektet har som mål å gi eit bilde av kvinner sin kvardag i 2017, samt å få fleire kvinnelege kjelder i avisa.
Nyheter

Kvar søndag gir vi deg eit tilbakeblikk på sakene som har vore på trykk i samband med reportasjeserien «Likestilt» i Fjordenes Tidende. «Likestilt» ser nærare på kvinner sin kvardag i 2017:

– Det er ofte dei aller fattigaste som blir ramma hardast av klimaendringane, og dette er ofte kvinner. Ein ser også under store naturkatastrofar at det oftast er flest kvinner som dør. I tillegg er det slik at når bøndene i utviklingsland sine avlingar sviktar og dei ikkje har råd til å sende ungane på skulen, så er det jentene som først blir tatt ut av utdanningsløpet, forklarar Paris, og legg til:

– Likestilling er ikkje eit så stort tema innanfor klimaforhandlingane i dag, men det bør absolutt bli eit større fokus på det. Klimaet heng saman med alt, men sett i lys av likestilling handlar det om at kvinner blir hardast ramma av klimaendringane, spesielt i utviklingsland.

Les meir om «Likestilt» her.

Trur forhandlingane blir intense

22-åringen, som til dagleg studerer til ein bachelor i samanliknande politikk ved Universitet i Bergen, deltok nyleg på mellomforhandlingane, som leiar opp til COP 23, som er hovudforhandlingane av klimakonvensjonen til FN. Paris skal også delta på dette arrangementet, som skal gå føre seg i Bonn i Tyskland i november.


Paris har saman med Fanny Pindsle, som mellom anna sit i Klimautvalet til Spire i Oslo, blitt valt ut til å delta på forhandlingane.

For Spire er det viktig å reise miljøvenleg, og Paris brukte om lag to døger på reisa frå Bergen til Bonn, som gjekk med tog og ferje.

– Vi prøvde å følge kvar sitt tema, alt etter kva som opptek oss, under mellomforhandlingane. Eg valte likestilling og klima. Under forhandlingane er det diskusjonar, dialog og formelle og uformelle forhandlingar heile tida, så ein får ikkje med seg alt. Per i dag er likestilling berre ei undersetning i formålsparagrafen i Parisavtalen. Dette må bli betre. Likestilling burde vore ein del av alle punkta, understrekar Paris, som ser fram til å delta på hovudforhandlingane.

Berekraftsmål nummer 5 er likestilling. Her er Iselin Gangeskar Paris (t.h.), saman med den andre representanten frå Spire til mellomforhandlingane i Bonn, Fanny Pindsle. Foto: Privat 

– Det blir nok både forrykande og intenst, med mykje på agendaen, men eg gler meg. Eg trur det blir spennande, spesielt å sjå kva plass likestilling får i debatten, seier ho.

Kjempar mot urettferd

Paris har tidlegare engasjert seg i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH). Men det var i Spire ho til slutt valte å gå heile vegen. 22-åringen vart i februar valt til leiar for lokallaget til miljøorganisasjonen i Bergen, og det etter berre fire månadar som medlem i miljøorganisasjonen.


«Likestilt»:

Har kjempa for kvinner i 121 år

Heilt sidan oppstarten av Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896 har velferdssamfunnet, helse, rettferd og likestilling stått sentralt i arbeidet til Sanitetskvinnene.

– Det vart meg fordi det ikkje var så mange andre som ville. Samstundes er urettferd eit tema som alltid har opptatt meg. Vi er veldig heldige der vi bur, men det er ikkje alle som har det slik. Seinare fekk eg auga opp for klima, og det omfattar alt, også urettferda i verda, så difor valte eg å engasjere meg i Spire. I tillegg er det vår generasjon klimaendringane verkeleg påverkar, så det er viktig å bidra, samanfattar ho.

Her står Iselin Gangeskar Paris (i midten) og Fanny Pindsle frå Spire saman med to representantar frå Changemaker, samt den norske ungdomsdelegaten, utanfor konferansesenteret. 

Spire er ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet, som jobbar både med berekraftig utvikling og klima. I lokallaget som Paris er leiar for er det om lag 12 aktive medlemmar.

– Vi har vore i ein omstillingsprosess no, men vi håpar å få til meir aktivitet til hausten, fortel Paris.