Likestilt:

– Det handlar om å gi barna gode rollemodellar

Fjordly barnehage er blant dei 45 beste barnehagane i landet. Dagleg leiar Wenche Nygård trur det er fleire grunnar til det.

Både dei tilsette Monica Fagerlid (f.v.), Ann Jali Franzen, Cecilie Kvernevik og dagleg leiar Wenche Nygård (t.h.), barna og foreldra er godt fornøgde med barnehagen på Brygga.– Eg trur at alle som arbeider her føler at barnehagen er litt deira, seier Nygård. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Vi er ein liten og oversiktleg barnehage som har god og nær kontakt med foreldra. Dei får innsyn i korleis vi gjer det i kvardagen og korleis vi brukar ressursane våre, samstundes som dei er engasjerte og kjem med innspel og idear. I tillegg har vi ei flott og stabil personalgruppe, fortel Nygård, som er inne i sitt ellevte år som dagleg leiar i barnehagen på Bryggja.