– Det er ein smart måte å forske på, sidan forskinga blir finansiert av fisken vi sel i marknaden, seier dagleg leiar og medeigar Stig Bakke i Nordfjord Forsøksstasjon AS.

Laboratorium: Prosjektleiar Ole Bendik Dale frå Veterinærinstituttet i ferd med å undersøke innmaten på ein laks i det provisoriske laboratoriet på Isane. Alle

Millionar i overskot

Kvar av dei to siste åra har verksemda bokført kring 15-16 millionar kroner i overskot. Det er etter at mellom andre samarbeidspartnar Veterinærinstituttet er betalt for jobben dei gjer med 1,4 millionar kroner i året, og Fishguard – ei verksemd med kontor i Måløy som tek seg av fiskehelsetilsyn – ifølgje Bakke har fått betalt «nokre hundre tusen». Også fôrprodusenten Polarfeed er med på prosjektet.

– Det er ein del avgrensingar, mellom anna må vi fôre med tre ulike diettar. Vi kan heller ikkje slakte når vi vil.

Ettertrakta vare: Oppdrettsnæringa opplever bratt vekst, men det er også utfordringar med tanke på berekraft. Difor er forsking viktig.

Nyleg vart det gjort sluttuttak av fisk i samband med forskingsprosjektet. Fisken har stått i sjøen sidan august 2016, og det var ruggar på opptil 12 kilo som kom opp av merdane. Ifølgje prosjektleiar Ole Bendik Dale i Veterinærinstituttet har dei gjort interessante funn, og dei er i ferd med å publisere to vitskaplege artiklar.

Ifølgje Dale er hovudkonklusjonen at vegetabilsk protein ikkje eignar seg like godt til fiskefôr som fiskemjøl, men det er også gjort positive funn ein kan forfølgje vidare med tanke på å utvikle betre og meir berekraftig fôr enn det som finst i dag.

Anlegget: Slik framstår oppdrettsanlegget i dag. I ti år vart det gjort forsøk med oppdrett av torsk her.

Ein konsesjon på oppdrett kostar i dag kring 100 millionar kroner. Dette er pengar Nordfjord Forsøksstasjon slepp å legge ut. Ulempa er at forskingskonsesjonen er tidsavgrensa, og ein må kunne vise til gode prosjekt for å få fornying. Prosjektet med forsking på planteprodukt brukt i fiskefôr byrja i 2011. Dei har søkt for tre år i gongen, og har no ein konsesjon som varer til 2020.

– Det er hard konkurranse om forskingskonsesjonane. Vi må kunne vise til gode prosjekt, og då er det mellom anna viktig at vi har eit samarbeid med ein aktør som Veterinærinstituttet med dyktige forskarar. Vi har to nye søknader inne, og søkjer samstundes om fornying av denne, seier Bakke. Han seier bruk av insekt i fiskefôr er noko dei har tru på og som dei ynskjer å forske på.

Tapte på torsk

Nordfjord Forsøksstasjon er etablert på anlegget der det tidlegare var gjort eit forsøk med torskeoppdrett. Stig Bakke var involvert også i dette prosjektet. Han erkjenner at dei tapte mykje pengar på torskeoppdrett, eit prosjekt dei jobba med i ti år. Dagens drift ved anlegget går langt betre. I fjor tok dei opp over 1.000 tonn oppdrettslaks.

Det er fem tilsette inkludert Stig Bakke sjølv. Største aksjonær i selskapet Norsk Marin Fisk AS, som eig Nordfjord Forsøksstasjon 100 prosent, er Mp Pensjon. Troda Invest, som Stig Bakke eig saman med søskenbarnet Tom Sætremyr i Måløy, er nest størst.