Slik blir vêret 17. mai

Ifølge Meteorologisk institutt ligg det an til å bli ein fin nasjonaldag med mykje sol i Nordfjord.

Meteorologane melder om mykje pent vêr i Nordfjord på nasjonaldagen. Arkivfoto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

Dei fleste stader i Nordfjord viser symbolvarselet sol eller sol og sky på nasjonaldagen. Temperaturane er venta å ligge mellom 10 og 13 grader.

Fram til då er det venta litt varierande vêr. I dag, måndag, har det vore skiftande skydekke og enkelte regnbyer.

I morgon er det venta for det meste pent vêr, men om kvelden er det venta å skye til i ytre strok.

Onsdag ventar meteorologane litt regn, men utover ettermiddagen melder dei stort sett pent vêr.

Sjekk detaljert vêrvarsel her: