I forbindelse med oppstart av vassproduksjon frå Skramsvatnet vassbehandlingsanlegg vil ein kunne oppleve misfarga vatn nokon stader i Måløy sentrum. Det opplyser Vågsøy kommune på sine egne heimesider. Dei forklarer at dette skuldast at straumen av vatn vil bli snudd på enkelte strekningar. Dei som opplever dette problemet oppfordrast til å la vatnet renne ei stund.

Kommunen beklagar ulempa dette medfører.