Eid kommune skreiv allereie i 2015 intensjonsavtale med Trygg Trafikk om «trafikksikker kommune», som den første kommunen i fylket.

Våren 2017 starta Eid kommune arbeidet med å fylle kriteria for å bli ein trafikksikker kommune. Alle kommunale avdelingar har fått rettleiing frå Trygg trafikk om kriterie, og korleis kome i gang med arbeidet med å bli «Trafikksikker kommune», heiter det i pressemeldinga.