Vest politidistrikt meldte rundt klokka 19 søndag kveld om brann i ein høgspentkabel ved eit renseanlegg på Elkem Bremanger. Politi, brann og ambulanse sendt til staden, men det var ikkje meldt om personskade.

Røykdykkarar vart sett inn. I starten vart det ikkje observert eld, berre røyk og varmgang i kabelgrøft. Politiet opplyser då at ein skumla og ventilerte på staden.

Etter kvart vart det pgså meldt om opne flammar i kabelgrøfta og slokkingsarbeid vart iverksett. Flammane var då relativt raskt sløkt og brannvesenet fekk kontroll.

Skadeomfanget på kabelgrøft er ukjend.