– Det er ingen tvil om at Forsvaret er ein mannsbastion. Då eg var i ingeniørregimentet på Hønefoss som 19-åring i 1996-97, var eg åleine kvinne saman med 500 menn. Det var ei veldig bratt læringskurve. Men eg opplevde det aldri ubehageleg. Eg har alltid kjent meg respektert som kvinne. Dei siste åra er det blitt langt fleire kvinner i Forsvaret. Det betrar seg, meiner Therese Solibakke frå Bryggja.

Vi møter henne på heimevernsøving på Firda kaserne i Mogrenda i Eid i samband med øving i Stad HV-område. Solibakke er sersjant og nestkommanderande i troppen. Til vanleg er ho busett på Maurstad med mann og tre born. Ho er utdanna førskulelærar og jobbar på Skavøypoll skule.

– Eg måtte ta eit val om eg skulle satse på ei yrkeskarriere i Forsvaret eller sikte meg inn mot sivil jobb. Av og til tenkjer eg at eg skulle gått vidare i Forsvaret, men eg fann ut at eg ville søkje skule. Det er val ein må ta og ikkje noko å dvele ved. No er eg inne i heimevernet om lag ein gong i året.

– Forsvaret og førskule høyrest ut som to heilt ulike verder?

– Ja, men det er ikkje så ulikt som ein kan tru. Begge delar handlar om å rettleie menneske.

Ho innser at Forsvaret er «macho», men våpeninteressa minkar.

– Det skjedde noko etter at eg fekk barn. Eg var veldig gira på dette med skyting før. Men ein byrjar tenkje meir over at det faktisk er eit drapsvåpen.

Stad HV-område dekkjer kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven og har som hovudoppgåve å sikre radaranlegget på Kvalheimsfjellet. Her øver dei ved Firda kasserne i Mogrenda på Eid.

Mai Elise Hammer, nyleg flytta til Eid, gjekk Forsvarets sanitetsskule på Sessvollmoen i 2009. I HV har ho ansvar for sanitet i stabstroppen. Ho meiner det er bra for alle at det blir miks mellom kjønna.

– No har alle verneplikt og må møte på sesjon uansett kjønn. Sjølv om det vil variere kor mange kvinner som går vidare etter sesjon, fører det til fleire kvinner i Forsvaret. Det gjev betre balanse i miljøet og det trur eg alle syns er bra.

Cecilie Raknes frå Halsør er sambandsassistent i stabstroppen.

– Eg var i førstegongsteneste på Skjold i Indre Troms i 2006. Vi var 30 kvinner og 600 menn. Og det gjekk heilt fint. Eg opplevde aldri kjønnsdiskriminering. Det er mest folk utanfrå som trur det er slik.

Ingen av dei satsa vidare på ei yrkeskarriere i Forsvaret. Men dei angrar heller ikkje på valet om å verve seg. No er alle overført til Stad HV-område, der dei er tre av fire kvinner av ein styrke på totalt cirka 140.

Ole André Rusten frå Fiskå (t.v.) og Jan Erik Sandbakk frå Stryn tek seg av «pasienten» Thomas Haugen frå Hornindal.

Solibakke seier ho opplever å bli møtt med respekt også av soldatane i HV, og at dei gjer som ho seier – trass i at dei er utkommandert og kanskje ikkje ville vore her om dei fekk velje sjølv.

– Eg opplever at dei behandlar meg som andre. Eg prøvar å møte soldatane med vennlegheit og samarbeidsinnstilling. Og eg prøvar å vere medgjerleg. Du må få folk med deg, samstundes som du må ta avgjerder. Ein må hugse på at soldatane kjem hit frå ein heilt annan situasjon.

– Vil du rå andre kvinner til å verve seg i Forsvaret?

– Ja, men du må ynskje å gjere det, og ha interesse for det. Sjølv angrar eg ikkje.