– Det har vore ganske komprimert med aktivitetar frå tidleg morgon til seine kvelden, i tillegg nattorientering, fortel lensmann Espen Gulliksen i Bremanger.

Politiet er med på den årlege aktivitetsveka i lag med kommunen, Røde Kors og Norway adventures, og lensmannen nytta sjansen til å skape god kontakt med elevane.

– Eg held føredrag om ungdom og kriminalitet, og har kanskje litt moralpreike. Ungdommen let å forstå den, men eg veit av erfaring at eg kjem til å møte nokre igjen på andre sida av bordet. Dette er god førebygging seier Gulliksen, som legg til at han no er på førenamn med dei over 50 elevane.