– Det blir ein kjedereaksjon der heile bygda blir råka, det er eg heilt sikker på, seier Per Kjetil Leirgulen. Han er far til tre av borna som går i skule eller barnehage i Bremanger-bygda.

Mor til borna er Marie Laugerud, opphavleg frå Kjølsdalen.

Flott leikeområde: Ein stor kvalitet ved Kolset skule er den flotte kunstgrasbane som opna for ein månad sidan. Gabriella er av dei som har stor glede av den.

– Blir skulen lagt ned, bur vi ikkje her for ein kvar pris. Alternativet er å flytte til andre sida av fjorden der Marie har sine, seier Per Kjetil.

Ein annan familie vurderer også flytting om skuletilbodet blir lagt ned. Eirin Taklo Strøm er tilflyttar frå Oslo. Ho har born på 3 og 5 år.

– Eg har halve slekta i Selje. Mister vi skulen, vurderer vi flytting dit, fortel ho.

Driv «på nåde»

I dag er innbyggjarane sjølvhjelpte med det meste. Det er daglegvarebutikk, idrettslag og sjølvbetent bensinstasjon i bygda, og hurtigbåten mellom Selje og Bergen legg til like ved.

Sidan vegen frå ytre Bremanger møter vegen frå Davik og Ålfoten og går vidare mot kommunesenteret Svelgen akkurat her, er Kolset også eit geografisk knutepunkt i Bremanger kommune. Skulekrinsen omfattar Rugsund, Leirgulen, Skatestraumen, Elde, Botnen og Blålid.

Skulen og barnehagen ligg i eit kombinert bygg der skuledelen er frå 1985/86 og barnehagen frå rundt årtusenskiftet.

For ein månad sidan opna ei flott kunstgrasbane rett nedanfor skulen, der dugnad var avgjerande for realisering.

Sykkel ryk for buss: – Vi bur i Leirgulen og har gang- og sykkelveg til skulen. Trist om eit så godt alternativ blir erstatta med buss, meiner Therese Kolset med sonen Daniel (4) på sykkelsete.

Problemet er derimot at det er få elevar. Det er ti elevar på skulen, eit elevtal som ser ut til å være stabilt eir par år, før det er sjansar for at det stig litt igjen. Det er ein udelt skule, det vil seie at alle elevane er samla og får tilpassa opplæring av to lærarar og ein assistent. I faga norsk, engelsk og matte er dei eldste elevane for seg sjølv medan dei yngste får leksehjelp.

Skulen fekk drive «på nåde» av kommunen medan ein forsøkte å auke elevgrunnlaget. Dagens elevtall på 10 må auke til minst 13 innan skulestart i 2019 om tilbodet skal oppretthaldast, har lokalpolitikarane bestemt.

Foreldra forventar difor ein kamp om tilbodet når politikarane skal diskutere Bremanger- budsjettet til hausten.

– Femåring på smal, glatt veg

No går foreldra saman og skriv brev til Bremanger kommune der dei bed om at skulen held fram som udelt skule. Dei vil vere føre var. Ifølgje foreldra vi møtte, står «eit stort fleirtal» bak brevet, men her er også dei som meiner skulemiljøet blir for lite. Alternativet som er skissert er å skysse borna til Davik Oppvekst. Ifølgje NAF Ruteplanlegger er det 18,9 kilometer og om lag 23 minutt køyring frå Leirgulen til Davik. For dei med lengst veg er det snakk om ein halv time med buss kvar veg.

– Det er snakk om born på fem år som skal sendast på glatte, smale og svingete vegar vinterstid. Det er ikkje noko godt alternativ for oss. Vi bur i byggjefeltet i Leirgulen med 300 meter til Kolset skule, og det er gang- og sykkelveg. For mange vil Svelgen vere eit betre alternativ sidan vegstandarden er mykje betre, og køyretida om lag den same, seier Per Kjetil Leirgulen.

Foreldra fortel at dei er godt nøgde med opplæringa borna deira får ved skulen.

– Her er det nært, det er trygt og eg vil seie borna lærer meir. Dei tileignar seg kunnskap som dei ikkje gjer på andre skular. Det handlar også om omsorg og empati, meiner Irene Storøy.

Ho er FAU-leiar og også politikar for Venstre i Bremanger kommunestyre.

– Dei små får høyre det dei store lærer, og dei får med seg mykje, påpeikar Renate Storøy, som er mor til to gutar på skulen og ei jente i barnehagen.