Oppdraget blei i mai tildelt Jimmy Nore & Sønn AS, og allereie no er entreprenør klar for å setje i gang førebuing og anleggsarbeid.

Prosjektet omfattar ti tomter, bygging av cirka 140 meter veg, tilhøyrande VA-anlegg og leikeplass. Tomtene skal etter planen vere byggjeklare 1. januar 2019. Finpuss og opparbeiding av leikeplass vil gå føre seg fram til mai/våren 2019.

Det er ikkje fastsett ein endeleg dato for når tomtesalet går i gang, men truleg vil tomtekjøparar kunne melde si interesse allereie tidleg i haust.

– Kjølsdalen er inne i ein svært positiv trend, med auka tilflytting av unge barnefamiliar, så det er gledeleg og svært bra at vi no kan tilby attraktive tomter til dei som ønskjer å busette seg her, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid i ei pressemelding.