Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 19. juni.

Om det ikkje blir fleire Kinn-omkampar, blir det nok fleire kampar

Torsdag skreiv politikarane i Vågsøy eit nytt kapittel i spelet om Kinn då kommunestyret skulle behandle resultatet av folke-røystinga. No var det ikkje så stor spenning om utfallet av avstemminga. Med eitt unntak så hadde alle som skulle vere med i dette kommunestyremøtet sagt på førehand kva dei ville komme til å stemme. Det som var av spenning var knytt til debatten etter alt som har skjedd etter at fleirtalet av Vågsøy-politikarane vedtok at dei ville slå seg saman med Flora.

No vart det ikkje så mykje debatt. Dei som vil slå seg saman med Flora var tause i møtet. Då spørsmålet om folkerøysting var diskutert 1. februar i år så røysta dei fleste av desse nei til å ha folkerøysting, og det såg ut til at dei ikkje ville snakke om folkerøystinga i det heile. Det var dei som heile tida har vore motstandarar av samanslåinga med Flora som prega debatten i det som nok var siste omkampen i spelet om Kinn kommune. Det var to hovudargument då det vart fleirtal for å halde folkerøysting. Det var å få meir informasjon og svar på mange spørsmål som neisida har reist, og det var å prøve å roe ned tonen i debatten som har vore.

Med tanke på dette med å få ut informasjon var det underleg at ja-sida ikkje prøvde å få ut positiv informasjon om samanslåinga når denne viktige saka stod på dagsorden i det viktigaste fora til kommunen. I kommentarar på sosiale medium etter dette møtet, er det mykje som tyder på at det framleis er mange som er skuffa over at politikarane ikkje følgde rådet frå innbyggjarane. Kommentarane etter kommunestyremøtet sist torsdag syner også at det framleis er stor avstand mellom ja- og neisida i Vågsøy. Sjølv om det nok ikkje blir fleire omkampar om Kinn kommune no, så blir det nok fleire kampar når den nye kommunen skal byggjast.