Hausten 2017 opplevde Selje kommune eit press på plass i dei kommunale barnehagane. Som Fjordenes Tidende har omtalt tidlegare var dette særleg eit problem i Leikvang barnehage. På Stadlandet stod seks barn utan barnehageplass.

– Det er fortvilande, uttalte Ingolf Pettersen, ein av tolv foreldre som gjekk saman for å få småbarna inn i barnehage så raskt som mogleg.

Slik situasjonen var hausten 2017, var det ikkje ein einaste ledig barnehageplass i heile Selje kommune. På Stadlandet var det seks barn som mangla plass fra nyttår.

– Vi har klart å organisere plass for dei fleste ungane med kreativitet, men samstundes eit forsvarleg opplegg som «utegrupper» og alternativ bruk av inneområde i barnehagen. Dette er sjølvsagt noko krevjande i lengda for borna og for tilsette og derfor valte kommunestyre å starte planlegginga av ei ny avdeling på Leikvang barnehage, fortel Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

For barnehageåret 2018/2019 leiger kommunen lokale i klubbhuset til Stadlandet IL.