– Fylkeskommunen ynskjer å satse på kysten. Difor har vi laga ein plan som peikar ut dei viktige satsingsområda. Målet er å skape fleire arbeidsplassar og auke busetjinga på kysten, seier fylkesordførar Jenny Følling i ei pressemelding.

Fylkeskommunen, kommunane og representantar frå næringane på kysten meiner meir forpliktande samarbeid og meir kartlegging av ressursane i kystsona er avgjerande for å nå målet om ein meir attraktiv kystregion.

Planen, som vart vedteken i fylkestinget 13. juni, inneheld fire satsingsområde:

  • Etablere eit kystråd

  • Ta styringa i kampen om sjøareal og strandsone

  • Knyte saman kysten med betre infrastruktur

  • Auke skaparkrafta og evna til nyskaping

Til kvar av dei fire satsingsområda er det knytt ei rekke tiltak. For kvart tiltak er det presisert kven som skal vere initiativtakar, støttespelar og i kva tidsrom tiltaket skal bli gjennomført.

I planarbeidet har fylkeskommunen samarbeida tett med kystkommunane, i tillegg har òg fylkesmannen, fiskeridirektoratet, Statens vegvesen og kystverket vore viktige bidragsytarar.

– Vi ønskjer spesielt å takke kommunane på kysten for godt samarbeid. Vi opplever at planen har fått ei sterk forankring i kommunane og dette gir eit godt grunnlag for vidare arbeid. Undervegs i planprosessen har vi også fått nyttige innspel frå organisasjonar, næringsliv og andre kompetansemiljø på kysten. Dette er vi veldig takksame for, seier plansjef Synnøve Stalheim.