Operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt, Hans Eirik Thue seier til Fjordenes Tidende at politi og ambulanse har rykt ut etter at personar som var vitne til basketaket meldte til politiet.

Ein person skal vere skadd i hovudet og er sendt til legevakta i Eid med ambulanse.

Den andre personen blir teken hand om av politiet.

Thue kan ikkje seie noko om bakgrunnen for at dei to personane starta å slåst. Han kan heller ikkje seie noko om kva personar dette var eller alder.

Politiet mistenker imidlertid at det har vore rus med i biletet.

Politiet vil følgje opp saka.