Rundt klokka 03.00 natt til søndag fekk politiet melding om ei alvorleg trafikkulukke på Fv 61 på Slagnes, like nord for Åheim i Vanylven kommune.

Ein bil hadde køyrd av vegen. Alle naudetatar rykte ut og såg at det var store materielle skadar på bilen, melder Møre og Romsdal politidistrikt.

Dei opplyser at ein person har mista livet i ulukka.

Vegen var stengd i fleire timar og det var omkøyring på ein lokal veg via Slagnesvika.

Ifølgje politiet var det ikkje andre bilar involverte i ulukka, og føraren skal, ifølgje politiet, ha vore åleine i bilen.

Det var ein tilfeldig forbipasserande som oppdaga og som melde frå om ulukka, opplyser operasjonsleiar ved Møre og Romsdal Politidistrikt, Kenneth Sætre, til Sunnmørsposten.

Ulukkesgruppa til Statens Vegvesen reiste søndag morgon til staden for å etterforske den tragiske ulukka.