Det er Firdaposten som melder saka måndag.

1. september skal Karl Vidar Førde, som i dag arbeider som leiar for byggeautomasjon hos Normatic på Eid, begynne i stillinga som  kommunalsjef for samfunn og utvikling i Bremanger kommune.

Karl Vidar Førde og kona Sonja driv også eiga gründerverksemd, Hjortegarden, i Ålfoten.

– Det var fleire gode søkarar, men Karl Vidar peika seg ut som den beste kandidaten til jobben. Han er vel ansett i alle bygdelag i kommunen og kjenner til organisasjonen og korleis prosessane går føre seg. Eg ser veldig fram til å få Karl Vidar med på laget, understrekar rådmann Tom Joensen overfor Firdaposten.

Etter mange år med underbemanning på rådhuset, løftar rådmannen no blikket mot utviklingsarbeid og å få litt avlastning i si rolle.

I utlysingsteksten leita rådmannen blant anna etter personen som kunne "jobbe aktivt for at Bremanger kommune møter samfunnsmessige endringar og utfordringar, herunder befolkningsutvikling, trong for fleire bustader og offentlig infrastruktur. Bremanger skal vere ein næringsvennleg kommune med fokus på den aktive rolla som tilretteleggjar for næringsetableringar og oppfølging av eksisterande næringsliv".

Den personen meiner rådmannen han har funne i Karl Vidar Førde.