Lagde til grillfest og konsert for bebuarane

Førre veke inviterte Kiwi alle bebuarane på ein grillfest på Kulatoppen. Med seg hadde dei også eit musikalsk innslag.

Kiwi inviterte alle bebuarane på Kulatoppen på grillmat. Med seg til festen hadde dei også Elling Bortne og Willy Blålid som stod for den musikalske underhaldninga. Foto: Privat  Foto: Privat

Nyheter

– Kiwi tok kontakt med oss allereie i vår for å tilby seg å arrangere grillfest for bebuarane på Kulatoppen. Dei organiserte også levande musikk med Willy Blålid og Elling Bortne. Dei organiserte alt, og vi hadde berre å stille opp, fortel gruppeleiar institusjon Reidunn Øksdal i Vågsøy kommune.

Ho fortel vidare at butikken hadde fått med seg fleire ungdomar som var med og bidrog til ein flott dag for bebuarane.