– Det gjekk veldig bra, vêret heldt seg fint store delar av leiren, i tillegg til at vi hadde med oss mange frivillige som gjorde at ting gjekk som det skulle, fortel leirsjef Olav Berstad (18) frå Trekløveret 4H i Kjølsdalen. De arrangerte fylkesleiren i samarbeid med Hestehoven 4H på Hjelle, Troda 4H på Davik, Eid 4H-nemnd og 4H Sogn og Fjordane.

Berstad var leirsjef saman med Julie Nilsen Sundal (18).

- Det var veldig kult å ha det ansvartet, seier Sundal, og skryt over dugnadsanda i Kjølsdalen.

- Heile bygda var med både før, under og etter leiren, fortel ho.

Mange aktivitetar

Leiren varte frå torsdag til sundag. Deltakarane fekk i løpet av leiren delta på ulike aktivitetar, som riding, golf, kajakkpadling, volleyball, klatring, paintball, skyting, besøk på hjortefarm og ein kunne lære om livet under vikingtida.

– Aktivitetane var noko av det mest populære på leiren, fortel Dianne Eikås, klubbrådgjevar i Trekløveret 4H.

Det er andre gong fylkesleiren, som er for 4H-ungdom frå 12 år og oppover, blir arrangert i bygda. Sist var i 2002. Eikås påpeikar også kor viktig det har vore at folk har stilt opp for å få gjennomført leiren.

– Eg må skryte av heile bygda. Alle har stilt opp, laga mat og sett opp og rigga ned teltleiren. Heile bygda har verkeleg stilt opp, og det hadde ikkje gått utan, fortel Eikås.

Fredag til sundag var det i tillegg aspirantleir for yngre 4H-medlemmar, og fredag var det «open leir» for alle som ønskte å sjå korleis det er på ein 4H-leir, ete mat og delta på aktivitetar. I tillegg var det konsert med Odd Erik Lothe.

Størst i Noreg

Sogn og Fjordane er det fylket med flest 4H-medlemmar i landet, fordelt på rundt 70 ulike klubbar.

– Eg trur det kan vere på grunn av at vi har gode moglegheiter til å ha friluftslivsaktivitetar, og vi har mange bygder der 4H har lange tradisjonar. I dei bygdene det er 4H-klubbar er det populært, sjølv om 4H kanskje er mindre kjendt i meir tettbygde strøk, fortel Dianne Eikås.

Leirsjef Olav Berstad har lang fartstid i kjølsdalsklubben, og synest det beste med å vere medlem er å ha eit samlingspunkt for gamle klassekameratar frå bygda.

– No når eg har byrja på vidaregåande skule merkar eg at vi frå Kjølsdalen har blitt spreidd på ulike skular og linjer, og då er det fint å kunne samlast i 4H, seier han.