Utrykkingspolitiet hadde tysdag fartskontroll på Rv 15 på Totland i Vågsøy kommune.

Der vart ein ung lokal bilførar målt til å ha køyrd i 124 kilometer i timen i 80-sonen, opplyser Utrykkingspolitiet.

Dermed måtte han levere frå seg førarkortet.

I tillegg så var 15 andre bilførarar for tunge på gassen og må betale bot. Høgste fart her var 109 kilometer i timen.

Ein bilførar fekk bot for ulovleg bruk av mobiltelefon.