Billettane til konserten med Adam Douglas fredag vart nemleg rivne vekk, ifølgje Roger Igland som sit i komiteen.

– Det er jo eit hint om at ein må vere om seg. Det er typisk at ein tek ting på sparket på mindre plassar, seier han, og legg til at det også søndag, til Nordstoga-konserten, er seld ein del meir billettar på førehand samanlikna med i fjor.

Han oppmodar samtidig vågsøyværingane til å ta turen for å sjå Odd Nordstoga.

– Ein rekk siste ferja, så det er ikkje noko problem!

Han fortel at også billettane til laurdagskonserten med Rufus Black og Hayseed går unna.

– Vi har rundt 100 billettar igjen. Laurdag var det fullt hus i fjor, og det er jo ein naturleg dag å gå ut på for dei fleste.

Han fortel at dei er i rute, men at arrangørane og dei frivillige har ei travel veke bak seg.

– Det er mykje ein ikkje kan gjere klart før siste veka, så det er litt hektisk. Men vi kjem i mål, understrekar han.

Bremanger Rockweekend blir arrangert frå torsdag 12. juli til og med søndag 15. juli.

Den tradisjonelle jammen torsdag er bytta ut med konsert med Atle Skaar. Fredag står både Helena Tjella Leinebø og Adam Douglas på scena. Laurdagen er det så duka for skikkeleg rock med Rufus Black og the Hayseed. Søndag rundar Odd Nordstoga av heile Rockweekend i Bremangerhallen.

Laurdag på dagen er det også aktivitetar i hamna, roregatta og familiekonsert.