Namn: Thea Hawkins Jacobsen

Alder:15

Bustad: Nordfjordeid

Sivilstand: singel

Yrke: skuleelev og slave for mamma

– Kva planar har du for sommaren?

– Malakoff, henge med venner og bade.

– Kva har du alltid med deg i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Har alltid med meg ein carmex, og mitt beste pakketips er å la det vere att litt plass i kofferten slik at ein får plass til å shoppe.

– Når slår feriekjensla inn?

– Når ein reiser til utlandet eller når Malakoff startar.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Då eg reiste til Tunisia med familien og fekk oppleve ein heilt ny kultur.

– Kor hadde du reist med ubegrensa budsjett?

– Eg hadde reist til Bora bora.

– Kva kjendis ville du tatt med til ei øde øy?

– Leonardo DiCaprio. Den unge versjonen vel å merke.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Nei, eg vert ikkje vêrsjuk.

– Kor liker du best å bade?

– Likar best å bade i sjøen, men helst i utlandet.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Eg er sjeldan i hagen.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Hornelen er kjempefin no på sommaren!

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Karpe diem, Malakoff 2017.

– Kva anbefaler du å lese på årets ferietur?

– Ei god, gammal krimbok.

– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Serverer gjerne kald iste og mykje god frukt.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Eg tenker den ferien vert kort!