Det er Firdaposten som melder saka onsdag.

– Avlingane er nok mindre dei fleste stader, men det er ingen total katastrofe. Det varierer veldig. Det har med jordsmonn å gjere, og om ein ligg sørvendt eller nordvendt. I Sørgulen har vi tørke, medan det på nordsida nok er litt mindre, men likevel rimeleg greitt, seier rådgjevar for jordbruk i Bremanger kommune, Sigmund Larsen til avisa.

Les også: Oppmodar grunneigarar om å tilby uslegne marker til fôr (+)

Larsen understrekar at ein må sjå på heile sesongen under eitt før ein kan seie noko sikkert, og mykje heng på korleis vêret blir framover.

Held det fram med lite nedbør kan det bli verre, og om det begynner å regne så kan det betre seg noko.

– Vi får nok inn nokre søknadar om kompensasjon for avlingstap i haust, men vi veit ikkje enno korleis det blir. Mykje kan rette seg med nedbør, men held det fram som det har vore til no kan det bli verre. Vi får vente og sjå før vi gjer opp status, seier han til Firdaposten.

Les også: Her skulle dei stått med gras til knea (+)