Blant anna er fleire toalett, sminkebord og matservering tilgjengeleg på campen.

– Dette er rett og slett for å skape ei betre oppleving for dei som bur her, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

I år skal det også vere ulike aktivitetar på campen, og deltakarane kan prøve seg på både hesteskokasting og yoga, for å nemne noko.

– Vi håpar at dette kan bidra til at ein kanskje tek pause i festinga og gjer litt andre ting gjennom dagen òg, slik at ein held ut heile kvelden, forklarar Naustdal.

Pizzabakeren og Kraftstasjonen serverer mat på campen, medan Aske blir å finne inne på området.