Ho fortel at arrangørane trur på fleire besøkande enn før når festivalen går av stabelen 3.- 5. august.

– Billettane til dei store konsertane sel godt, og i tillegg har vi seld over 90 bubilplassar. Dette var tidleg i førre veke, så det er ikkje usannsynleg at talet har auka, seier ho.

Brenden Frøyen oppmodar om å vere tidleg ute med å ordne overnatting.

– Dersom ein til dømes vil kome med eigen båt, må ein kjøpe billett til å ligge i hamna, forklarar ho.

Festivalleiaren fortel at dei besøkande kan vente seg eit variert program, og noko for alle aldrar.

– I tillegg til konsertar og sceneshow har vi i år også sjørøvertokt for born og unge. Då får ein vere med skuta Svanhild på sjøen, der det mellom anna skal skytast med kanon, forklarar ho, og legg til at ein også her må booke plass på skuta, sjølv om turen er gratis.

– Vi gler oss veldig og håpar folk tek turen!, avsluttar ho.