– Til saman har heile området potensiale til rundt 450 tomter, fortel Vonheim om feltene rundt skisenteret som i dag tel 110 innflytta hytter.

– Ut ifrå kommuneplanen har vi dekka eine sida, (aust for skitrekket, journ. anm), men vi kan også utvikle området vest for skitrekket. Det er eit område som er nesten like stort, og ein kan få rundt 200 tomter der også, fortel Vonheim.

I gang med første utviding

Som Fjordenes Tidende skreiv tidlegare denne veka har Harpefossen Hyttegrend no i fyrste omgang starta jobben med å regulere av nytt område med hyttefelt på 21 mål, det vil seie rundt 25 einingar med hytter og fritidsleiligheiter. Feltet skal etter planen leggast ut for sal over nyttår. Prosjektet er i samarbeid med Din Bustad AS på Nordfjordeid, der Vegard Meland, som sjølv er frå Hjelmelandsdalen, er dagleg leiar.

– Det er reguleringsprosessen som avgjer når dei nye tomtene kan bli klare for sal, men prosessen er i gang og kommunen er offansive, fortel han.

Utbygginga av hyttefeltet ved skisenteret byrja i 2006, då 45 tomter vart lagt ut for sal.

– Vi tenkte at det skulle rekke i fleire år – men alt første helga vart det selt 26 tomter, seier Vonhem.

I 2010 var det klart 105 nye tomter, og i dag er 110 hytter innflytta, sju nye skal byggast i løpet av hausten og 25 tomter er klare for sal. Om ein skal få 450 hytter i Hjelmelandsdalen, må ein rekne med ein tilsvarande prosess som dei har vore gjennom dei siste 12 åra.

– Det vil alltid vere svingingar, men ein må sjå på eit perspektiv på 10-12 år om ein skal bygge 200 nye hytter. Men om vi har kundar, så klarer vi å gjenomføre det, fortel Vonheim.

Han ser føre seg å starte planlegginga vest for skitrekket om ikkje alt for lang tid.

– Tanken er å i løpet av eitt år setje i gong med planegginga av det området, då reguleringsprosessen vil gå over cirka to år fordi det er eit heilt nytt felt.

Ringverknader

Harpefossen Skisenter AS eigast av idrettslaga Haugen og Stårheim, samt Harpefossen Hyttegrend AS. Førre sesong hadde skisenteret sitt beste resultat nokon sinne. Vonheim og Meland seier hyttefeltet ved skisenteret har gitt store ringverknader lokalt.

– Det gir enorme ringvirkningar. I dag har vi passert 400 millionar kroner i investeringar. Det sikrar også drifta av skitrekket om ein får selt einingane, seier Vonheim.

– Dei som kjem hit reiser også til Eid for å handle, legg Meland til.

Ifølgje Vonheim er det ikkje problem for skianlegget å handtere ei firedobling i talet på hyttegjester.

– Det er nok av kapasitet. Skisenteret kan ta imot både meir omsetning og fleire folk. Det er store områder.

Han peikar også på den naudsynte synergieffekten hyttefeltet og skianlegget skapar seg imellom.

– Skianlegget treng hyttegjestene for å få god nok omsetning, og hyttefeltet treng skianlegget for å selje hytter. Det er veldig avhengig av kvarandre, fortel han, og legg til at kor gode sesongar det er i løypa også påverkar hyttesalet.

Harpefossen Skisenter førebur ein seg til ein ny skisesong.

– Vi driv no og byggjer opp 600 meter med snøproduksjonsanlegg, ei investering på ein million kroner, fortel Reidar Vonheim.

Det er også i planane å få ei heilt ny løype.

– Vi skal lage ei ny, meir familievennelg, løype i tilknytning til heisane på rundt to kilometer, fortel han.

Vonheim og og Meland meiner det er generelt god interesse for å kjøpe hytte i Hjelmelandsdalen.

– Det er ein del som har sett på området tidlegare. Vi ser eit generasjonsskifte, der folk i 30-40-åra som har vore her som born no ønskjer å kjøpe.