– Sjølv om det er nerverpirrande å starte bedrift på eit fjellplatå langt vest medan eg er gravid i sjuande månad, så er det også ufatteleg spanande, seier dagleg leiar Kristina L. Myrseth i Storm på Stad.

Les meir om «Likestilt» her.

Alt klaffa plutseleg for den 30 år gamle seljeværingen då ho vart gravid samtidig som ho planla å flytte heim frå Bergen for å drive Vestkapphuset.

Fredag 27. juli opnar dørene til Vestkapphuset etter at serveringsstaden har lagt brakk sidan Dagmar i 2011. Sidan då har Kvernevik-familien, som eig huset, pussa opp, og leiger no ut huset til driftsselskapet Storm på Stad.

Ho fortel om berre gode tilbakemeldingar på at det igjen blir eit tilbod på det unike platået.

– Eg trur det har vore veldig etterlengta. Dei dagane vi har vore her, så har det vore rundt 100 personar oppe dagleg.

I første omgang blir det kafé i Vestkapphuset.

– Restauranten vil ha ei avslappa atmosfære, der ein kan kome som ein er, anten i turkle eller i finstasen. Vi har trua på at matoppleving kan vere med å skape ein destinasjon.

Myrseth er sjølv utdanna kokk og har erfaring som kjøkkensjef og dagleg leiar.

– Vi er tre damer som flyttar heim att for å jobbe fast på Vestkapp. I første omgang blir det to årsverk, men vi håpar etter kvart å kunne tilby fleire faste arbeidsplassar og at vi kan vere med å skape eit godt fagmiljø i kommunen, seier ho.

Når Myrseth går ut i fødselspermisjon i september skal systera Rebekka (28) vikariere som dagleg leiar. I tillegg flyttar Tone Røyseth (23) heim frå Trondheim i august for å starte som kjøkensjef.

Vil tilby ei komplett pakke på platået

Medan ein testar ut heilårsdrift på Vestkapphuset, vil ein jobbe med å utvikle platået på Stad.

– For å kunne drive heile året så vil vi etter kvart tilby møtefasilitetar med teambygging i samarbeid med andre lokale opplevingsaktørar og overnattingsstader. Vi vil ha ulike selskap som bryllaup og konfirmasjon, og ha catering med utleige av kokk. Vi håpar også på å kunne bli sertifisert som turistinformasjon gjennom Visit Nordfjord, seier dagleg leiar Kristina L. Myrseth i Storm på Stad.

Samtidig vil ein jobbe med korleis ein kan utvikle platået på sikt, med overnatting.

– Ja, vi ser for oss det. Vi ser for oss overnatting i modular med panoramavindauge spreidd utover, seier ho.

I tillegg ser ein føre seg ei form for opplevingssenter, og større rom til konferanse og bryllaup.

– Kanskje kan vi få eit visingsrom for Stad skipstunnel og VR-teknologi for å vise fram utsikta også i dårleg vêr, seier Myrseth.

– Eit trekkplaster for Selje

Kvar veke sidan det blei klart at Kristina L. Myrseth skulle ta over drifta, har ho fått telefonar frå folk som vil komme å ete middag på Vestkapphuset.

– Det har vore ganske stor pågang sidan det vart kjent, og det er kjempestor interesse for Vestkapphuset. Det er mykje folk der heile tida, og det er klart at det trengst fasilitetar der oppe, seier ho.

Betydninga Vestkapphuset kan ha for kommunen trur ho er stor.

– Spesielt etter at hotellet brann ned, så har ting falt litt i hop i Selje. Vestkapp kan bli eit trekkplaster for Selje, og vil komplettere dei andre tilboda i kommunen ganske bra, seier ho.

Myrseth fortel at nokre er skeptiske til sjølve vegen opp på Kjerringa.

– Men eg tykkjer vegen er ein del av sjarmen med å komme opp her. Den må sjølvsagt utbetrast med fleire møtepunkt for å unngå mykje kø i høgsesongen, og det må tettast eit par holer, seier ho.