Tre av beslaga dreier seg om narkotika, i tillegg til ein slåsthandske.

- Når det gjeld det eine narkotikafunnet fekk vi først treff på ein bag, og så fann vi stoffet igjen seinare, seier Gundersen, og understrekar at ikkje alle funna vart gjort på festivalen sitt område.

Han legg til at det elles var god stemning på festivalen.

- Det var stille og rolig, og alle var blide og fornøgde. Vi merka oss at det var mange tilreisande, og ikkje så mange lokale, men det er vel gjerne slik torsdagen under Malakoff, påpeiker han.

I tillegg til dette kom det melding om slåstkamp på Nordfjordeid fredag morgon.