– Ja, vi har halde på i over 30 år, fortel Signy Årdal då Fjordenes Tidende var innom Kulatoppen omsorgssenter, som kvar onsdag har besøk av Røde Kors si besøksteneste som skapar glede blant bebuarane.

– Det er veldig givande å vere på Kulatoppen. No har vi vore der så mange år, og vi kjenner mange av dei som er der, og det ser ut til at dei er glade for å sjå oss, seier Signy Årdal.

Det er ikkje berre song og diktlesing når besøkstenesta er på Kulatoppen. Bevegelse, gym og dans er også viktige element.

Saman med tvillingsøstera Jenny har ho halde på med frivillig arbeid i rundt 30 år, og etter å ha runda 88 år i mars, er dei også eldst.

– Vi starta i besøkstenesta då vi vart pensjonistar, så var vi på Gamleheimen, og så blei det Kulatoppen. Elles har vi også vore med i LHL som frivillige og som medlemmar. I tillegg har vi vore mykje på Bedehuset der eg og Jenny har sunget i mange år, fortel Signy, som legg til at dei også er med i Vågsøy pensjonistlag.

– Kvifor er de engasjert i frivillig arbeid?

– Eg synest det er veldig givande. Eg har spurt mange om dei ikkje kan tenke seg å begynne når dei blir pensjonistar, blant anna eit par lærarar, men eg har ikkje sett noko til dei endå, ler ho.

Trim, song, dans og vitsar

Det velkjende sitatet «Den største gleda er å gjere andre glade» blei lest opp som ein del av underhaldninga på Kulatoppen, og det gjeld i stor grad besøkstenesta sitt arbeid.

– Dei dansar, strålar og er glade når vi kjem og tek dei i handa, fortel Helene Oksholen i besøkstenesta.

Kom mai du skjønne milde og Hver dag er en sjelden gave var blant songane som blei sunget på Kulatoppen då Fjordenes Tidende var innom.

Timen dei har til rådvelde blir brukt til trim, song, diktlesing og vitsar. Ein dans eller to blir det også på dei som ønskjer det, for ofte har dei også med seg nokon som kan spele gitar eller trekkspel.

– Vi samlar alle her nede i foajeen og så underheld vi. Når vi har med gamle songar, så sung bebuarane med. Dei kan dei ordrett, fortel leiar i besøkstenesta Anne Eikeset.

Timen er populær blant bebuarane.

– Dei smiler og blir glade når vi dansar, og vi dansar også med dei eldre, då ser mange ut som dei er 17 år igjen, seier Oksholen.

No tel besøkstenesta på Kulatoppen 17 personar, som deler seg i grupper. Leiar Anne Eikeset fortel mange har slutta siste tida, og at aldersspennet er mellom 67 og 88 år.

– Men ein treng ikkje vere over 70 år for å vere med, smiler Johannes Kvalheim, som gjerne får nye kollegaer.