Namn: Magnus Ingebrigt Leikanger

Alder: 19

Bustad: Stadlandet

Sivilstand: Singel

Yrke: Fagbrev som motormann, startar på Fagskulen i Måløy til hausten

– Kva planar har du for sommaren?

– Eg har i grunnen ingen planar, og tek det litt som det kjem. Så langt i sommar har eg tatt fagbrev som motormann, fullført læretida mi i Solstad Farstad og jobba på garden til tanta og onkelen min.

– Kva har du alltid med deg i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Kle, toalettsaker, mobil og ladar, pengar og id. Då kjem ein langt. Eg har ein tendens til å gløyme ladaren til barbermaskina, så å hugse den får vel vere mitt tips.

– Når slår feriekjensla inn for fullt?

– Når eg har sete meg på første helikopter, fly, båt, buss eller taxi etter fire, fem eller seks veke på sjøen.

– Kva er ditt aller beste ferieminne?

– Då eg var tre veker på bilferie i Europa i lag med familien min i 2014. Det var ein fin tur.

– Kor hadde du reist med ubegrensa budsjett?

– Det er ikkje godt å seie, men med ubegrensa midlar hadde eg nok ikkje reist aleine.

– Kor ville du tatt med deg dine sommargjestar?

– Heim til Stad. Tatt dei ein tur på fjorden å fiske, eller jaga dei ein tur til fjells. Haha, det er ikkje kvar dag eg er vertskap.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Nei, greitt å få gjort litt som ikkje blir prioritert når det er fint vêr.

– Kor liker du best å bade?

– Hoddevika og småbåthamna i Blikkneset

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Mosekleivhornet er vel i særklasse.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Sommaraktive Stad som har vorte arrangert dei tre siste åra har falt godt i smak med meg.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Blir mykje å ta igjen når ferien er over då!

– Kva eldsjel fortener ein kurv med jordbær?

– Hadde vel trengt ein heil åker om alle eldsjelene på Stad skulle hatt ei korg med jordbær! Her er mange i dei ulike laga her heime som gjer ein kjempejobb.