Råkøyrde og må punge ut med over 10.000 kr

Illusttrasjonsforo: Erling Wåge 

Nyheter

Onsdag kveld hadde Utrykkingspolitiet endå ein gong fartskontroll i 80-sona på Rv 15 på Totland i Vågsøy kommune.

Åtte bilførarar var for tunge på gassen og fekk forenkla førelegg for å ha brote fartsgrensa.

Bilføraren med høgste fart køyrde i 113 kilometer i timen. Han berga så vidt førarkortet, men må ut med heile 10.200 kroner i bot, opplyser Utrykkingspolitiet.

Han fekk i tillegg tre prikkar i førarkortet som han må  ha i tre år.