Namn: Sølvi Hopland Aemmer

Alder: 52

Adresse: Halnes

Sivilstatus: åleinemor

Yrke: fyrvertinne og visekunstnar

Hobby: fyr og musikk

Aktuell med: feirar 15 år på Ulvesund fyr søndag og har siste opningshelg.

– Kva skal skje på søndag?

– Vi må markere at det er 15 år sidan vi heisa flagget her på nymåla stong etter oppussing same sommaren. Stanga har ikkje vore måla sidan, men flagget må heisast. Eg kan ikkje la dette gå upåakta hen. Og så er det siste dag av sommarsesongen, og då må eg klare å smette eit lite jubileum inn i mellom festivalane.

– Korleis blir markeringa?

– Vi skal ha ope heile dagen, og det blir flaggheising og musikk, samt geiteløp på ettermiddagen. Der kan publikum levere inn tippekupongar, og sjå om det er Pjuskelusk eller Lilleven som kjem først over målstreken. Så vil eg og ungane mine, eventuelt andre som vil med geitene, og deretter blir det trekning av premie til dei som gjettar rett.

– Og så blir det musikk?

– Eg skal synge noko eg song på opningshelga og så blir det jamming på tidleg kveld. Då blir det den som eventuelt dukkar opp med eit instrument. Om det ikkje blir jamming så syng eg og så blir det allsong.

– Korleis har sommaren vore?

– Den har vor veldig fin, roleg og vi har hatt det veldig kjekt i staben. Vi har budd i uthuset med folk vi ikkje kjenner, frå 5 til 66 år, 77 år med mamma. Vi har blitt kjent med nye folk og hatt det veldig moro. Eigentleg er det ganske crazy, både for dei som kjem og for meg. Men alle er så begeistra for området og landskapet. Vi har ikkje hatt like mykje stress i kaféen, for det har vore så fint vêr. Men vi har hatt fullt belegg nesten kvar natt, og alle vil ha middag når dei kjem heim. Vi har hatt kjekke gjestar og mange land representert.

– Kvifor kjem folk til fyret?

– For mange er det atmosfæren. Det er idyllisk, autentiske og heimekoseleg og alt er heimelaga med hjartet.

– Har du planar for hausten?

– Først må vi puste litt. Det kan vere om det er veldig fint ei helg og vi har lyst på fyret, det er vind så knotten ikkje er der, så kan vi annonsere på Facebook at vi har ope. Så blir det booking av grupper og folk som bestiller overnatting, så det går sin gang som det plar.