Like over midnatt oppdaga ein tilfeldig forbipasserande at det brann inne på Circkle K-stasjonen på  Nordfjordeid.

Han såg flammar bak disken. Han melde frå om brannen. Brannvesenet og naudetatar rykte raskt ut og fekk sløkt brannen.

Vest Politidistrikt opplyser at det var mykje røyk i lokalet.

Ingen personar er skadde og det er ikkje opplyst kva som er årsaka til brannen.