– Vi jobbar vidare med planene om å rive hotellet og så jobbar vi vidare med å skaffe investorar, seier styreleiar Bjarne Reidulf Krakereid i Selje Hotell Invest AS.

– Mest truleg blir det riving i to etappar, der vi riv den brannskadde delen først, og så blir resepsjonsdelen ståande igjen. Vi vil vurdere å rive den etterpå, seier Krakereid.

– Vi jobbar mot mange investorar, vi treng 120 millionar kroner for å få opp eit drivverdig samfunnshotell med 100 sengar.  Vi har nytta oss av nøkkeltal som seier at eitt rom kostar 1 million, og så ønskjer vi ein konferansedel i tillegg. Ut i frå det har vi antyda eit kapitalbehov, seier Krakereid.

Selje Hotell Invest AS består av Nordfjord AS, ORV HOLDING AS, Norhus Ørsta AS, Selje Bolig Utvikling AS, Bjarne Krakereid Invest AS og Stadhav AS.  I tillegg til styreleiar Bjarne Reidulf Krakereid, sit Einar Holsvik, Jostein Løken, Otto Rune Vik, Anders Lien og Olav Refvik i styret.

Dagleg leiar i Selje Hotell Invest AS er Therese Lien Smenes.