I podkasten tar ho deg med for å bli betre kjent med personar i lokalmiljøet vårt. Målet i år som i fjor, er å kaste lys over menneske som er med på å bringe lys til andre. Og at ho har funne fram til ein mal som fungerer er tydeleg.

Fjorårets episodar har nemleg blitt spelt av nesten 9.500 gangar på Fjordenes Tidende sine heimesider.

– Det einaste som er nytt i år, er at eg kosar meg enda meir. Det heng nok saman med at eg fekk bruke fjoråret på å øve meg. Så det er berre ei stor glede å få kunne halde fram i år også, seier Sølvi.

Ho trur at noko av suksessen heng saman med at det her er heilt vanlege folk som får lufte tankane sine.

– Dette er ikkje kjendisar, men heilt vanlege folk. Då blir det ekte og enkelt, og rett fram, slik som livet er. Det er noko folk kjenner seg igjen i og som dei synest er koseleg, trur eg.

Mange lyttarar: Episodane som du kan høyre på fjt.no blei ein stor suksess i fjor. Totalt har nesten 9.500 personar vore innom våre nettsider på dei ulike dagane i adventskalenderen. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Byr på meir musikk

Sjølv om episodane handlar om den gode praten, kan ho avsløre at ho i år også vil prøve å få gjestane med på ein meir melodiøs form for formidling.

– Eg føler meg kanskje litt tøffare i år, for eg prøver å få dei med på å synge. Eg tar det liksom for gitt, og så seier eg; «Nei, skal vi synge då?», og då rekker dei nesten ikkje å tenke før vi plutseleg syng saman, smiler ho.

– Det er jo nesten ikkje juletrefestar lenger, så det å kunne høyre vanlege folk synge slik ein gjorde før når ein passerte kvarandre i ringane rundt juletreet, det er ikkje vanleg lenger. Så kanskje det betyr noko for folk å få høyre heilt vanlege stemmer synge julesongar igjen?

Musikk: Som musiker er ho ikkje framand for å spele ein trall. Til årets podkast har også fått fleire av gjestane med på å synge og spele.

Likar å bli spurt

Sølvi kan fortelje at jobben med å finne folk til podkasten ikkje var vanskeleg, verken i fjor eller i år. Men ho har merka seg ein forskjell når det gjeld dei ho spør om å vere med i år.

– Fleire eg har spurt seier at dei føler seg æra. Dei blir veldig glade for å bli spurt, seier ho.

Når det gjeld dei inviterte gjestane i studio, så handlar det like mykje om at Sølvi sjølv har lyst til å bli kjent med dei, som at dei som høyrer på skal bli det.

– Det kan vere folk eg ikkje anar kven er, men eg spør berre; «kven er du?». Så det blir aldri kjedeleg. I tillegg blomstrar eg av det sjølv også, for sjølv om målet med podkasten er å rette lyset mot dei, så kjenner eg meg opplyst sjølv også, og eg blir glad når dei ønsker å dele frå livet sitt med andre.