Søndag kveld klokka 22.08 blei Hovudredingssentralen på Sola kontakta av AMK-sentralen.

Ein mann i 60-åra hadde falle i sjøen ved Skjærebuda på Silda i Vågsøy kommune..

Eit Seaking-helikopter vart sendt ut.

- Då vi kom fram var mannen plukka opp av sjøen. Vi fekk han om bord i helikopteret og frakta han til sentralsjukehuset i Førde, seier vakthavande ved redningssentralen på Sola, Jan Lillebø.

Like før midnatt var helikopteret framme på sjukehuset i Førde.

Lillebø kunne ikkje seie noko om tilstanden til mannen.

Vakthavande ved politiet sin vaktesentral i Sogn og Fjordane kjende ikkje til at det hadde skjedd noko uhell på Silda. Dei har ikkje vore ute for å sjekke denne episoden.