Etter innspel frå næringslivet ber Bremanger fylkeskommunen om å sjå på Smørhamn-Kjelkenes.

– Innspelet går på å snu ruta slik at ferja blir liggande i Smørhamn. Då vil ein få ein seinare avgang frå Kjelkenes på kvelden. Det har dei lovd å kike på, seier rådmann Tom Joensen, som legg til at løysingane med ruta ikkje er optimal på noverande tidspunkt.

Han gir honnør til fylkeskommunen og vegvesenet for kor kjapt dei fekk på plass ruta midt i ferien. Leiar for hovudutvalet for samferdsle, Arnstein Menes, seier dei vil følgje situasjonen på sambandet tett.

– Det var dette vi klarte å få til på kort varsel. Eg ser ikkje at vi klarar å gjere noko med det dei næraste par vekene. Dette blir jo for ein lenger periode, så vi vil vurderer å justere seinare, seier Menes.

Fylkeskommunen eig Kjelkenes ferjekai, men det ligg i planane at Bremanger skal overta denne.

– Det er klart at situasjonen har vist at vi kan vere avhengig av denne kaien. I kva grad den skal leggast inn i beredskapssamanheng seinare, det veit eg ikkje. Alt har ein kostnad, og alt som ikkje blir brukt til vanleg har ein ikkje nødvendigvis interesse av å ha driftsutgifter med, seier han.

Ifølgje Joensen ligg vedlikehaldskostnader på mellom 50.000 og 100.000 kroner.