– Vi ønskjer at Selje Hotel skal bli eit helsepilot, seier ordførar i Selje, Ottar Nygård (Tverrpolitisk liste).

Nygård viser til at Samhandlingsreforma legg til grunn at auka behov for helsetenester i størst mogeleg grad må finne løysingar i kommunane.

Nygård viser til at nålauget for å få plass på rehabiliteringssenter som Mork, Muritunet og Haugland blir trongare og trongare og at det berre er reint unntaksvis at pasientar frå Sogn og Fjordane får gjere seg nytte av dei to rehabiliteringssentra nord om fylkesgrensa.

– I Selje er vi veldig flinke på pleie og omsorg, men ikkje på rehabilitering, seier Nygård, som legg til at det var auka behov for rehabiliteringstenester som gjorde at dei valde å tenkje nytt og utradisjonelt.

Nygård fortel at dei har vore i kontakt med kommunaldepartementet og statsråd Liv Signe Navarsete (Sp) og SIVA for å fortelje om planane.

– Siktemålet med møtet var å lansere ei unik satsing innan rehabilitering, folkehelse og helseturisme. Ei satsing der hotellet, kommunen og opplevingsaktørar i regionen inngår som partnarar, seier Nygård.

Han legg til at både departementet, SIVA og statsråden var entusiastisk til planane.

No har departementet sett av 700.000 kroner til forprosjekt og innan 1. februar får vi vite kva distriktshotell som vert pilotar.

Heile saka står i papirutgåva fredag 14. desember.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende