110- og 112-sentralane i Sogn og Fjordane var utan analogetelefonlinjer i over to timar tysdag ettermiddag.
Naudtelefonen ute av drift
Årsaka var ein feil hos Telenor.
Leiaren ved 110-sentralen, Terje Brandsøy, seier til NRK Sogn ogFjordane at situasjonen var ei stund langt meir alvorleg enn under orkanen Dagmari romjula 2011.
– Ja, det vil eg seie. No var alt utesamtidig. Under Dagmar opplevde vi det som sporadisk at noko var inne og nokoute. I dag var alt ute samtidig, seier Terje Brandsøy til NRK.
Klokka 18.00, to timar etter at linjene gjekk ned, varfeilen retta, og alarmnummera fungerte som normalt igjen.