– Vi har lenge prøvd å få slutt på det. Det er ein fortvilande og kostbar sak for båteigarar, seier Myrestrand, og utdjupar:

– For å få vekk feittet må vasslinja skrubbast med børste og vaskestoff. Dette fjernar også etter kvart botnstoffet, og båten må på land og smørjast. Har ein fått feitt på fortøyingane er det berre å kaste dei, ein får aldri vekk lukta, og ein kan ikkje ha dei om bord.

Meiner einaste løysing er bøter

Tilgrisa: Slik såg det ut i gjestehamna i Måløy tidlegare denne månaden.

Hendingane som Myrestrand viser til er eit utslepp av rogn 3. mars og eit utslepp av fiskefeitt 11. mars. Båteigaren understrekar at han ikkje veit om utsleppet kjem frå mottakar eller leverandør, altså frå fabrikk eller båt, men uansett meiner han at dette er slurv frå mottakaren si side.

– Dette er ei plage vi har hatt i mange år. Det vart mykje betre i sentrum etter at Emy Fish og Brd. Myhre la ned for nokre år sidan. Men båteigarar på Ivahavet har framleis vore plaga. Vi ser at om straum og vindretning er ugunstig så kjem feittet sigande over hamna og legg seg langs kaiene og i gjestehamna.

Båteigaren frå Måløy meiner det einaste som kan betre situasjonen er bøter til dei som står bak utsleppa.

– Denne gongen melde eg det til Fylkesmannen, som melde vidare til brannvesenet. Om dei (brannvesenet) har sett på det eller berre trekt på skuldrene veit eg ikkje, konkluderer han.

Har sett i verk tiltak

Regionleiar Gunnar Domstein ved Pelagia fortel at dei gjer fleire tiltak for å hindre utslepp.

Rogn: Rognutsleppet 3. mars er det einaste Pelagia har registrert.

– Vi har eit skilt hengande på fabrikken som seier at lossing av lensevatn er forbode. Vidare er det slik at mange av båtane som er innom oss er små kystbåtar som ikkje er i stand til å ta vare på lensevatnet sitt grunna liten tankkapasitet. Dette vatnet har tradisjonelt gått på sjøen, men vi jobbar med ei løysing der vi vil tilby dei å ta vatnet på land slik at vi kan køyre det gjennom reinseanlegget vårt, og på den måten få bukt med dette. Det er noko vi håpar å få til utover våren eller sommaren, seier Domstein.

Han forstår frustrasjonen til småbåteigarane.

– Men eg vil ikkje ta ein debatt om Måløy skal vere ei lystbåthamn eller fiskerihamn.

Har registrert eitt utslepp

Domstein opplyser at verksemda har overvaking og eit system som behandlar avvik. Så langt i år har Pelagia registrert eitt avvik. Dette var rogn som har lege på havbotn som så steig opp til overflata 3. mars.

– På våren lossar vi gytesild, som har laus rogn. I samband med lossing kan det sleppe ut lossevatn eller vatn frå tankane på båtane. Dette kan det vere rogn i, og då hamnar det på botnen. Om det går gass i rogna, kan den kome opp att til overflata. Slik skjer av og til, men ikkje i slikt omfang som 3. mars. Vi prøvde å gjere det som var mogleg for å rydde opp på det tidspunktet, og så får andre vurdere om det er godt nok, seier Domstein, og fortset:

– Vi har vore i kontakt med Fylkesmannen. Då gjekk vi gjennom rapporten som vi har lagd i samband med dette avviket. Vi styrer og kontrollerer det vi jobbar med, men vi kan ikkje gå god for alt som skjer på hamna.

Domstein opplyser at Pelagia som ei følge av rognutsleppet 3. mars har lagt ei lense rundt heile fabrikken på Trollebø.

– Dette har vi gjort for å hindre at rogn skal flyte ut i hamnebassenget om vi får ein liknande situasjon igjen.