Ei ny optimistjolle har vore populært på Hakallegarden i år, og så kattungane sjølvsagt.

Dette fortel Aina Moldskred Krakset som i lag med familien også i år dagleg har ønskt velkomen til den fargerike Hakallegarden i skuleferien.

– Det har vore jamt over godt besøk heile sommaren, fortel Aina Moldskred Krakset, og legg til at ho har kjensla at det har vore jamnare med besøk samanlikna med i fjor.

– Vi har ikkje konkrete tal. Vi skulle få nummererte lappar, men vi fekk dei ikkje i tide.

– Vi har tenkt på i mange år at vi skulle hatt noko på dammen. No har det blitt ein båt og det har vore veldig populært i år. Og så er kattungane alltid populære, fortel ho.

Garden har førebels ikkje lagt store planer framover, bortsett frå den populære julemarknaden og moglegvis eit målekurs.

– Vi er litt impulsive, og planlegg gjerne noko to veker før vi gjer noko, smiler ho.

Garden har no ope i helgane og stenger etter haustferien, før dei opnar igjen helgane før jul.

– Vi har stengd på vinteren, for då er det stilt, seier ho.