Tak­ka vere iher­dig dug­nads­inn­sats kan Flat­ra­ket Små­båt­lag no stolt vise fram den nye småbåthamna i byg­da.

– Med­le­me­ne er utelukkande po­si­ti­ve, sei­er ein glad rep­re­sen­tant for sty­ret i Flat­ra­ket Små­båt­lag SA, Gis­le Flat­aker, som et­ter ei ny­sat­sing i la­get kan vise fram eit flun­kan­de nytt an­legg på Flat­ra­ket.

48 bå­tar

Det er blitt plass til 48 bå­tar ved bryg­gja, og dei fles­te plas­sa­ne er alt ut­leig­de el­ler sel­de.

– Vi har ber­re nok­re få plas­sar le­di­ge, og dei er eg ri­me­leg sik­ker på kjem til å gå kjapt, sei­er Gis­le Flat­aker.

Ved ut­leg­gin­ga auka ein ta­let på plas­sar i små­båt­ham­na på Flat­ra­ket frå 43 til 55. Ein fekk sju nye plas­sar ved gjen­bruk av ei bryg­gje og ein land­gang lengst inne i ham­na.

– Vi bruk­te den ny­as­te av dei gam­le bryg­gje­ne, og det blei ein bo­nus, sei­er Flat­aker.

40.000 kro­ner

Gis­le Flat­aker, som er kas­se­rar, sei­er at kost­na­den med det nye an­leg­get er på 1,7 mil­li­o­nar kro­ner. Det nye sam­vir­ke­la­get had­de ein ei­gen­ka­pi­tal på ein halv mil­li­on kro­ner.

Det blir no litt dy­ra­re å kjø­pe seg ein plass.

– Dei kos­tar opp un­der 40.000 kro­ner, og i til­legg kjem med­lems­kon­tin­gen­ten på 5.000 kro­ner, sei­er Gis­le Flat­aker.

Dug­nads­ar­beid

Han sei­er at det har vore eit godt lag­ar­beid som har gje­ve Flat­ra­ket Små­båt­lag eit nytt an­legg. Men den som har stått mest på er lags­lei­a­ren Dag-Rune Gjen­ge­dal.

– Han har vore den ver­ke­le­ge eld­sje­la, og eg trur at han har like man­ge dug­nads­ti­mar som oss and­re til saman. Han er no vekk på ein for­tent fe­rie, for­tel Gis­le Flat­aker då Fjor­de­nes Ti­den­de var på be­søk den­ne veka.

Bruk­te sand­an­ker

Hei­le an­leggs­ut­leg­gin­ga gjekk som plan­lagd. I sta­den for å bru­ke lodd og fes­te i land, vart det brukt sand­an­ker som vart dreg­ne fast i bot­nen.

– Det vart gjort med 2,5 tonns kraft. Det vart lagd ut ti an­ker, og dess­utan plas­sert ut nok­re lodd på sta­der der det var fjell­botn, for­tel Flat­aker.

Et­ter at sek­sjo­na­ne var le­ver­te, tok det ik­kje lang tid før den nye fly­te­bryg­gja var ko­men på sjø­en.

Net­topp klar til bruk

Den nye stålbryggja er pro­du­sert i Tysk­land, og sty­re­med­lem Gis­le Flat­aker sei­er at det er lagd vekt på også trygg­leik ved val av løy­sing.

Bryg­gja er tre me­ter brei og har ei skli­sik­ker gang­ba­ne langs mid­ten. Utriggarane er 60 og 30 cen­ti­me­ter breie og du kan gå ut på beg­ge si­der av bå­ten.

– Det­te er gans­ke unikt, sei­er Flat­aker.

Leng­da på utriggarane er seks me­ter, men dei kan lett for­len­gast, og nok­re er alt byg­de ut til åtte me­ter.

– Det er også en­kelt å jus­te­re breid­da på bå­sa­ne. Du gjer det med å løy­se to mutterar og dra utriggaren si­de­lengs, for­kla­rar Gis­le Flat­aker.